Billettar for hurtigbåt

Enkeltbillett er for deg som reiser av og til. For deg som reiser jamnleg, kan det fort lønne seg å kjøpe ein periodebillett. Det finns periodebillettar for buss, periodebillettar for hurtigbåt, og periodebillettar som gir fri reise med buss og hurtigbåt i heile Møre og Romsdal fylke.

Enkeltbillett for hurtigbåt

Tabellen nedanfor viser ordinær takst for enkeltbillett for hurtigbåt.  Kjøper du enkeltbillett om bord på båten, må du betale eit ombordtillegg. Ombordtillegget er 20 kroner for vaksne og 10 kroner for personar i førstegangsteneste. Det er ikkje ombordtillegg for barn og honnør.

Tabellen viser prisen for ei strekning. Prisen er den same uavhengig av kva retning du reiser.

Pristabell NOR HB enkeltbillett 2024
Strekning Vaksen Barn 6-17 år / Honnør / Førstegongsteneste
Hamnsund-Store Kalvøy 63 32
Hamnsund-Valderøya 115 58
Hamnsund-Ålesund 115 58
Hareid-Valderøya 130 65
Hareid-Ålesund 130 65
Langevåg-Ålesund 73 37
Store Kalvøy-Valderøya 63 32
Store Kalvøy-Ålesund 63 32
Valderøya-Ålesund 63 32

Om billetten

Periodebillett for hurtigbåt

Periodebillett hurtigbåt er ein strekningsbasert billett som er gyldig for eit uavgrensa tal reiser i den perioden billetten er kjøpt for, for den strekninga billetten gjeld for.

Prisar for periodebillett 30 dagar

Tabellen viser prisen for ei strekning. Prisen er den same uavhengig av kva retning du reiser.

Pristabell NOR HB 30 dagar periodebillett 2024
Strekning Vaksen Barn 6-17 år / Honnør / Student
Hamnsund-Store Kalvøy 1585 793
Hamnsund-Valderøya 2128 1064
Hamnsund-Ålesund 2128 1064
Hareid-Valderøya 2201 1101
Hareid-Ålesund 2201 1101
Langevåg-Ålesund 1763 882
Store Kalvøy-Valderøya 1627 814
Store Kalvøy-Ålesund 1627 814
Valderøya-Ålesund 1763 882

Prisar for periodebillett 7 dagar

Tabellen viser prisen for ei strekning. Prisen er den same uavhengig av kva retning du reiser.

Pristabell NOR HB 7 dagar periodebillett 2024
Strekning Vaksen Barn 6-17 år / Honnør
Hamnsund-Store Kalvøy 523 262
Hamnsund-Valderøya 702 351
Hamnsund-Ålesund 702 351
Hareid-Valderøya 726 363
Hareid-Ålesund 726 363
Langevåg-Ålesund 582 291
Store Kalvøy-Valderøya 537 268
Store Kalvøy-Ålesund 537 268
Valderøya-Ålesund 582 291

Prisar for periodebillett 24 timar 

Tabellen viser prisen for ei strekning. Prisen er den same uavhengig av kva retning du reiser.

Pristabell NOR HB 24 timar periodebillett 2024
Strekning Vaksen Barn 6-17 år / Honnør
Hamnsund-Store Kalvøy 317 159
Hamnsund-Valderøya 426 213
Hamnsund-Ålesund 426 213
Hareid-Valderøya 440 220
Hareid-Ålesund 440 220
Langevåg-Ålesund 353 176
Store Kalvøy-Valderøya 325 163
Store Kalvøy-Ålesund 325 163
Valderøya-Ålesund 353 176

Periodebillett for heile fylket

Periodebillett for heile fylket er for deg som reiser litt oftare over større avstandar i fylket med hurtigbåt og buss.  

FRAM har fire typar periodebillettar for heile fylket: FRAM Ung, FRAM Student, FRAM Vaksen og FRAM Honnør. 

Relatert informasjon