Gruppereise

Skal du reise med gruppe? Då er det nokre ting som er greit å huske på. 

Buss 

Om du skal reise med ei gruppe på over 10 personar er det lurt å melde frå til FRAM om dette. 

Det er ikkje mogleg å reservere seter om bord på bussar, men ved å melde frå om større grupper vil det bli enklare å planlegge avgangane slik at ingen blir ståande att.

Det er ingen grupperabatt for bussane våre.

Meld inn

Fristen for å melde inn er klokka 12.00 dagen før. Om du skal reise på ein måndag, er fristen kl. 12.00 fredagen før.

Meld inn gruppereise

Vi anbefaler grupper å ha med barnesete til alle som normalt bruker dette. Det er setebelte i alle bussane bortsett frå bybussane.

Barnehage på buss

Barn på tur med barnehage kan reise gratis med buss mellom klokka 09.00 og 13.00 alle kvardagar. Vaksne betalar vanleg billett for bussen. 

Hurtigbåt 

For gruppereiser med hurtigbåt melder du frå direkte til hurtigbåten. Du kan finne kontaktinformasjon på rutetabellane for hurtigbåt

Grupper på 10 eller fleire som kjøper samla billett får 30 prosent rabatt på enkeltbillett. Rabatten for gruppe gjeld berre vaksne og barn, ikkje for andre rabatterte billettar som for eksempel honnør. 

Relatert informasjon