Slik kjøper du billett

Om du skal reise med buss eller hurtigbåt kan du kjøpe billett på forskjellige måtar. Du kan kjøpe i app, i nettbutikk, på trafikkterminalane, på bussen eller hurtigbåten.  

FRAM-appen  

I FRAM-appen kan du planlegge reisa og kjøpe billett på same stad. Når du skal reise, les du av QR-koden på billetten på billettlesaren på bussen eller hurtigbåten.  

FRAM-appen i App Store

FRAM-appen i Google Play

Informasjon om FRAM-appen.

Nettbutikken

I nettbutikken kan du kjøpe periodebillettar til deg selv, og du kan kjøpe for andre. For å kunne handle i nettbutikken må du registrere ein brukar og du må ha eit reisekort.

Nettbutikken

Hjelp til nettbutikken.

Reisekort

Reisekort er eit fysisk plastkort. På dette kortet kan du legge periodebillettar.

Reisekort kan du få ved å bestille på nett, på bussen, hurtigbåten eller på trafikkterminalane. Du kan også fylle på kortet dei same stadane, i tillegg til FRAM sin nettbutikk. 

Det første reisekortet er gratis. Mistar du eller øydelegg kortet og må ha nytt, er det eit kortgebyr på 100 kroner.

Registrer reisekortet ditt

Reisekortet må være registrert på ein bruker, eller du må ha notert deg kortnummer for å få overført gjenståande produkt til nytt reisekort. Registrering av reisekort kan gjerast på FRAM kundesenter, ein av trafikkterminalane eller i nettbutikken.  

Med reisekortet les du av billetten på ein billettlesar på bussen eller hurtigbåten når du går om bord.  

Det er ikkje mogleg å ha same billett på mobiltelefon og på eit reisekort samtidig. Det er heller ikkje mogleg å overføre billett frå mobiltelefon til reisekort – eller omvendt.  

Trafikkterminalane

Du kan kjøpe alle typar billett på trafikkterminalane i Molde, Kristiansund og på Moa i Ålesund. I Kristiansund og på Moa kan du kun betale med kort. Salskontora på trafikkterminalane i Molde og Kristiansund  er opne måndag-fredag kl. 08.00-16.00. På Moa er opningstida måndag-fredag 09.00-16.00.  

Buss og hurtigbåt

Du kan kjøpe enkeltbillettar og periodebillettar med bankkort og kontantar om bord i buss og hurtigbåt.

Ved kjøp av enkeltbillettar  må du betale eit ombordtillegg. Ombordtillegget er 20 kroner for vaksne og 10 kroner for studentar og personar i førstegangsteneste. Det er ikkje ombordtillegg for barn og honnør.  

Relatert informasjon