No kan du kjøpe eit digitalt klippekort for bussen

Med eit digitalt klippekort kjøper du 10 enkeltbillettar samtidig, og kan bruke billettane når du treng. Du kan kjøpe klippekort i appen og i nettbutikken.

Dei enkelte billettane fungerer som andre enkeltbillettar og gjeld for sona eller sonene du vel når du kjøper klippekortet. Ikkje gløym å starte ein billett kvar gong du skal reise.

Du kan berre bruke éin billett på klippekortet av gongen, og på reisekortet kan du berre ha eitt klippekort av gongen.

For deg med barn for eksempel, kan du også kjøpe til andre i appen og kjøpe for andre i nettbutikken.

Vi arbeider med å rette ein feil som dessverre gjer at det står feil dato og klokkeslett på skjermen for kor lenge billetten er gyldig når du les av billetten om bord på bussen. I appen stemmer datoen og klokkeslettet. Bruker du reisekort, kan du spørre sjåføren.

Skjermbilete av digitalt klippekort i appen - Klikk for stort bilete