Hjelp til nettbutikkenHer får du hjelp til å enkelt komme i gang med å bruke nettbutikken.Opprett ny brukar Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Forklaring til hjelpevideoen: Opprett ny brukarSlik opprettar du ein ny brukar.Ha klart reisekortnummer. Reisekortnummeret står på baksida av reisekortet.På FRAM nettbutikk si førsteside skal du trykke på knappen «E-post og passord».Du kjem då til nettbutikkens innloggingsside. Trykk på knappen «Opprett ny bruker» nedst på sida.I dialogboksen «Opprett en FRAM-bruker med e-post og passord» skriv du inn e-postadressa di, eit sjølvvalt passord, og passordet ditt ein gong til. Trykk deretter på knappen «Opprett profil».Du skal no ha fått ein e-post med ein link for å bekrefte e-postadressa di. Sjekk søppelpost om du ikkje har motteke e-posten.I dialogboksen «Bekreft eposten din» trykker du på knappen «Eposten min er bekreftet».I dialogboksen «Profilopplysninger» skriv du inn fornamnet, etternamn, og det er valfritt om du skriv inn mobilnummeret ditt. Trykk deretter på «Neste».I dialogboksen «Samtykker» kan du huke av for samtykke til å kontakte deg via e-post. Samtykka er valfrie, men vi anbefaler å huke av desse.Trykk deretter «Neste».På sida «Legg til reisekort» skriv du inn ditt reisekortnummer (9 siffer), deretter trykker du på knappen «Legg til reisekort».Om du ikkje har reisekort kan du trykke på knappen «Hopp over».Du har no oppretta ein brukar, og skal sjå sida «Min profil» som er førstesida i nettbutikken når du har logga deg inn.Kjøp billett Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Forklaring til hjelpevideoen: Kjøp billettSlik kjøper du billett.Logg deg inn i FRAM nettbutikk og trykk på «Kjøp billett».Du kan velje mellom 3 billettgrupper, men videoen viser eit kjøp av ein periodebillett for ei strekning i 30 dagar.Trykk på periodebilletten du vil kjøpe. I videoen veljast «Periodebillett for en strekning (soner)».Vel om billetten skal vare i 30 dagar eller 7 dagar.Vel riktig passasjerkategori: Student, vaksen, barn eller honnør.Vel kva haldeplass du skal gå på bussen, og kva haldeplass du skal gå av. Billetten er gyldig i heile sona eller sonene reisa er innom.Du får no sjå prisen for billetten din oppe til høgre. Trykk på «Gå til oppsummering» for oppsummering og betaling av billetten.Vel betalingsmetode: Vipps, Visa eller MasterCard.Om du vel betaling med kort kan du huke av «Lagre bankkort» for å sleppe å legge inn betalingsinformasjonen neste gong du kjøper billett.Trykk på «Gå til betaling».Skriv inn betalingsinformasjonen din og trykk «Betal» om du betaler med bankkort. Om du vel Vipps gjennomfører du kjøpet i appen.Du har no kjøpt billett, og du kjem attende til «Min profil» i nettbutikken.Du kan sjå dine kjøpte billetter under «Mine billetter».Du kan også gjenta ditt siste kjøp ved neste periode.Ta med deg reisekortet når du er ute og reiser. God tur!Kjøp billett for andre Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Forklaring til hjelpevideoen: Kjøp billett for andreSlik kjøper du billett for andre.Ha klart reisekortnummeret til den du skal kjøpe til. Reisekortnummeret står på baksida av reisekortet.Logg deg inn i FRAM nettbutikk og trykk på «Kjøp for andre».Trykk deretter «Legg til person».Du må skrive eit namn til personen du skal kjøpe for, til dømes eit fornamn eller kallenamn. Trykk «Lagre person».Trykk på «Vis» nedst til høgre for å vise profilen til personen du har lagt til.Trykk deretter på «Legg til reisekort».Skriv inn reisekortnummer (9 siffer), og trykk «Lagre».Du kan no kjøpe billett for denne personen.Les teksten til hjelpevideoen «Kjøp billett» for hjelp til å gjennomføre eit billettkjøp.Hugs reisekort på reise. God tur!