Nettbutikken
I nettbutikken kan du kjøpe periodebillett og legge den inn på reisekortet. Du kan òg fylle på reisekortet med ønska verdi.
I mars/april får vi ein ny nettbutikk. Her får du vite kva nettbutikken som kjem betyr for deg som kunde.
Før du kan handle i nettbutikken
Før du kan handle i nettbutikken, treng du eit reisekort og opprette ein konto for å logge inn.
For viktig informasjon om sal av billettane og bruk av nettbutikken, les bruksvilkåra for nettbutikken. Du kan òg finne informasjonen inne i nettbutikken.
Logg inn og handle
Alle periodebillettane, unntatt FRAM Ung, FRAM Student og FRAM Vaksen, er tilgjengelege i nettbutikken. I nettbutikken kan du òg fylle reisekortet med ein verdi, verdidelen på kortet bruker du til å betale for billetten om bord. I tillegg kan du bruke nettbutikken til å sjekke når periodebilletten du har på reisekortet går ut eller verdien du har igjen på kortet.
For å kjøpe ein periodebillett til reisekortet, trykk på "kjøp produkt" i nettbutikken. For å fylle på ein verdi til reisekortet, trykk på "kjøp verdi".
Billettane du kjøper i nettbutikken til FRAM vil normalt vere tilgjengelege på reisekortet neste dag. I nokon tilfelle kan det likevel ta nokre ekstra døgn før billetten er tilgjengeleg på reisekortet, så ikkje gløym å fylle det i god tid innan du skal reise.
Registrere reisekort
Du må ha minimum eitt reisekort registrert på kontoen din for å kunne kjøpe billett og fylle reisekortet med ein verdi. Vel "registrer nytt reisekort" om ingen kort er registrert frå før. Du kan registrere fleire kort pr. konto, slik at det er mogleg for ein familie å berre ha ein konto for familien. Du kan knytte reisekortet opp mot eit kallenamn for lett å kunne identifisere kva reisekort som er knytt til kontoen.
Sikkert nettkjøp i nettbutikken
- Transaksjonar gjennom nettbutikken til FRAM følger alle instruksar for tryggleik og netthandel
- Du blir autentisert i nettbutikken med brukarnamn og passord
- Når kontoen er registrert, blir det sendt ei melding til e-posten din. For å aktivere kontoen må du bruke meldinga som kjem på e-post, meldinga er tidsavgrensa
- Alle kjøpa blir registrert i nettbutikken, men ikkje bruken av reisekortet på bussane/hurtigbåtane
- Betaling blir utført gjennom PayEx, Teller og kredittkortselskapa i samsvar med deira retningslinjer (VISA vil reservere beløpet i fem dagar sjølv om du ikke gjennomfører betalinga)
Om det er problem eller feil
Opplever du problem eller feil med nettbutikken, ta kontakt med FRAM Kundesenter via kontaktskjema eller på telefon 71 28 01 00. Her kan du finne kontaktskjemaet for FRAM Kundesenter. Du skal ikkje ta direkte kontakt med FRAM sin systemleverandør.