Slik kjøper du billett

Om du skal reise med buss eller hurtigbåt kan du kjøpe billett på forskjellige måtar. Du kan kjøpe i appen, i nettbutikken, på trafikkterminalane, på bussane og hurtigbåtane.  

FRAM-appen  

I FRAM-appen kan du planlegge reisa og kjøpe billett på same stad på telefonen. Når du skal reise, les du av QR-koden på billetten på billettlesaren på bussen eller hurtigbåten.  

FRAM-appen i App Store

FRAM-appen i Google Play

Informasjon om FRAM-appen.

Nettbutikken

I nettbutikken kan du kjøpe periodebillettar til deg selv, og du kan kjøpe for andre. For å kunne handle i nettbutikken må du registrere ein brukar og du må ha eit reisekort.

Nettbutikken

Hjelp til nettbutikken.

Reisekort

Reisekort er eit fysisk plastkort. På dette kortet kan du legge periodebillettar.

Reisekort får du tak i hos sjåføren om bord i bussen, eller matrosen om bord i hurtigbåten. Det er også tilgjengeleg på salskontoret i Molde og Ålesund. Dei har tomme kort som er gratis ved utlevering. Du treng ikkje kjøpe produktet hos sjåfør, du kan ta med deg eit kort og fylle på det produktet du vil i nettbutikken

Registrer reisekortet ditt

Reisekortet må vere registrert på ein brukar, eller du må ha notert deg reisekortnummeret for å få overført billetten til nytt reisekort. Registrering av reisekort kan du gjere i nettbutikken og på trafikkterminalane.  

Med reisekortet les du av billetten på ein billettlesar på bussen eller hurtigbåten når du går om bord.  

Det er ikkje mogleg å ha same billett på mobiltelefon og på eit reisekort samtidig. Det er heller ikkje mogleg å overføre billett frå mobiltelefon til reisekort – eller omvendt.

Trafikkterminalane

Du kan kjøpe alle typar billett på trafikkterminalane i Molde og på Moa i Ålesund. På Moa kan du berre betale med kort. Opningstidene til trafikkterminalane.

Om bord

Du kan kjøpe enkeltbillettar og periodebillettar med bankkort og kontantar om bord i bussen og hurtigbåten.

Ved kjøp av enkeltbillettar må du betale eit ombordtillegg. Ombordtillegget er 20 kroner for vaksne og 10 kroner for studentar og personar i førstegongsteneste. Det er ikkje ombordtillegg for barn og honnør.

Du får alltid billetten når du kjøper om bord. Treng du kvittering også, kan du spørre sjåføren. Har du betalt ombordtillegg, kjem dette fram på kvitteringa.

Relatert informasjon