Bedrift

Bedrifter har moglegheit til å sende pakkar med FRAM sine bussar og hurtigbåtar. Det har og vore mogleg for bedrifter å bruke såkalla “firmakort” til kollektivreiser. 

Kollektivreiser for tilsette i bedrifter

Frå 1. januar 2024 vil det ikkje lenger vere mogleg å bruke eller inngå avtale om “firmakort” frå FRAM.  (Reisekort der bedrifter har blitt fakturert i etterkant for tilsette sine kollektivreiser.)

FRAM er i ferd med å ta i bruk eit nytt billetteringssystem. I dette systemet er det ikkje teknisk mogleg å vidareføre ordninga med firmakort. 

Vi arbeider med å finne ei ny, god løysing for bedrifter, men vi veit ikkje no kor tid ei løysing vil vere på plass. 

Frå 1. januar 2024 må firma/organisasjonar som har nytta firmakort derfor finne alternative løysingar for sine tilsette.

Moglege løysingar kan vere:

  • Firmaet kan ha eit eller fleire reisekort med periodebillett(ar) som kan brukast av dei tilsette. Periodebillettar er ikkje personlege, så fleire tilsette kan bruke same kort. 
     
  • Firmaet må sørge for at det er gyldig billett for aktuell sone/aktuelle soner på kortet. Frå 1. november 2023 er sonene for buss i Møre og Romsdal utvida, så dei fleste vil kunne bruke ein periodebillett for éi sone eller to soner.
     
  • Dei tilsette kjøpar sjølv billett og leverer reiserekning. Det er enkelt å få tilsendt kvittering for kjøpt billett ved å velje «Vis detaljer / kontroll» i billettbildet i FRAM-appen og deretter velje «Få kvittering tilsendt» nedst i detaljbildet.
     
  • Firma kan ha eit eller fleire betalingskort (bankkort/kredittkort) som tilsette kan låne og bruke ved kollektivreiser. Merk at ved kjøp om bord får vaksne, studentar og personar i førstegongsteneste eit ombordtillegg.

Sende pakkar med buss eller hurtigbåt

Bedrifter kan sende ei pakke med FRAM sine bussar og hurtigbåtar med førehandskjøpte fraktmerke.

Avsendaren skal alltid betale for frakta ved sending av pakke. Mottakaren er ansvarleg for å møte opp ved avtalt stoppestad eller kai for å ta imot pakka når bussen/hurtigbåten kjem. Uhenta pakker/varer blir returnert til avsendarstaden.

Prisar for å sende pakke 

Prisen for å sende pakker er basert på sonetakstane og vekt. 

Pristabell for sending av pakker med fraktmerke
Sonar - 1 - 2 3 - 4 5 -
Frå kg Til kg Prisar inkl. 25% mva Prisar inkl. 25% mva Prisar inkl. 25% mva
0 20 125 250 370
20,1 30 250 375 495

Prisane gjeld per mottakar/kolli. 

For sending av pakke med hurtigbåtane gjeld kategorien 1-2 soner. 

Ved kjøp av mange fraktmerke får ein rabatt. Rabatten blir trekt frå ved fakturering/utsending av fraktmerke. 

Rabattmatrise
Talet fraktmerke kjøpt Rabatt %
Under 50 5 %
50 - 99 10 %
100 - 199 15 %
Over 200 20 %

Bestille fraktmerke

For å bestille fraktmerker, sender du ein e-post til busspakkar@mrfylke.no med talet fraktmerke du treng. I e-posten må du og oppgi:

  • firmanamn
  • organisasjonsnummer
  • firmaadresse 
  • fakturaadresse 
  • leveringsadresse for fraktmerka

Relatert informasjon