FRAM har ikkje eit eige, dedikert flybusstilbod. Det er likevel eit tilbod med offentleg transport til og frå alle flyplassane i fylket unntatt Ålesund lufthavn. I Ålesund er det eit kommersielt flybusstilbod.
Finn rutetider i reiseplanleggaren
Søk på haldeplass, adresse eller område i reiseplanleggaren for å finne rutetider.
Reiseplanleggar
Kristiansund lufthavn (Kvernberget)
I Kristiansund kan du ta desse linjene mellom flyplassen og sentrum:
- Linje 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn
- Linje 802 Dale-Kristiansund lufthavn
Du som kjem med buss frå andre stader enn Kristiansund eller skal til andre stader enn Kristiansund med buss, kan ta taxi mellom Kristiansund lufthavn og enkelte FRAM-linjer til same pris som for ein enkeltbillett for ei sone.
Når du kjem om bord på bussen må du be sjåføren om å bestille overgang til taxi.
Dette tilbodet gjeld for følgande busslinjer:
- Linje 100/101 FRAM Ekspress Kristiansund-Molde-Ålesund-Volda
- Linje 901 FRAM Ekspress Kristiansund-Oppdal
- Linje 905 Trondheim-Kristiansund-Molde
- Linje 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen
Du bytter mellom taxi og buss enten ved Seivika-krysset eller ved Futura:
- På veg til Kristiansund lufthavn kan du gå av bussen ved Seivika-krysset og deretter bruke taxi til flyplassen. Du betaler eigendelen for taxituren til taxisjåføren.
- På veg frå Kristiansund lufthavn kan du bruke taxi og stanse turen ved Futura for overgang til rutene 100/101, 901, 905 og 821. Du betaler eigendelen for taxituren til taxisjåføren, merk at du må gi beskjed i taxien om at du skal reise med bussen.
Molde lufthavn (Årø)
Bussane køyrer på hovudvegen E39 ovanfor flyplassen. Hovudvegen ligg berre 450 meter frå terminalen.
Kart over gangveg mellom Molde lufthavn og hovudvegen (PDF, 666 kB).
Ålesund lufthavn (Vigra)
I Ålesund er det eit kommersielt flybusstilbod til Moa og Ålesund sentrum og til Valderøya hurtigbåtkai. Du får opp informasjon om desse bussane i reisesøk i FRAM sin reiseplanleggar.
FRAM sine bussar har ingen haldeplassar i gangavstand frå flyplassen.
Ørsta-Volda lufthamn (Hovden)
Til og frå Ørsta-Volda lufthamn Hovden går det ordinær buss på dagtid til og frå Ørsta og Volda.