Kollektivtilbod til nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal

Det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset skal stå klar våren 2025. Dette vil bety endra transportmønster for mange.

Tilsette, pasientar og besøkande vil ha behov for eit tilgjengeleg kollektivtilbod på strekningane Molde-Hjelset og Kristiansund-Hjelset.

Dine tilbakemeldingar er viktige

Når vi skal gjennomføre større endringar i rutetilbodet vil vi gjerne ha innspela dine for i størst mogleg grad treffe flest mogleg med endringane.

Her finn du ein innbyggardialog med eit kart kor du kan gi innspela dine.

Tett samarbeid

FRAM har eit tett samarbeid med Helse Møre og Romsdal HF om å få tilpassa tilbodet best mogleg til arbeidstidsordningane/skiftplanane.

Kollektivtilbodet

Linjene som vil køyre til og frå sjukehuset:

  • 100 FRAM Ekspress Ålesund-Molde-Kristiansund
  • 714 Molde-Kleive

I tillegg til linjene:

  • 902 FRAM Ekspress Surnadal-Molde (Mørelinjen)
  • 905 FRAM Ekspress Molde-Kristiansund-Trondheim (Mørelinjen)

Foreløpige planar

Her er dei endringane vi arbeider med akkurat no, og som vi gjerne vil ha dine tankar og meiningar om. Alle innspel blir tatt med i vurderinga, men vi kan ikkje love at vi kan oppfylle alle ønsker.

Det blir hyppigere avganger i tidspunktene ansatte skal på jobb, og hjem fra jobb.

Molde

Kvardagar

Frå Molde til Hjelset vil det vere ni avgangar mellom klokka 06.00-09.00, åtte avgangar mellom 13.00-15.15, og fire avgangar mellom 21.00-22.15.

Frå Hjelset til Molde vil det vere ni avgangar mellom 06.00-09.00, sju avgangar mellom 14.00-15.45, og fire avgangar mellom 21.00-22.15.

Helg

Det vil også vere bussavgangar laurdag og søndag. Noko færre enn på kvardagar.

Linjene 100 og 714 i rutetabell

Nedanfor kan du sjå linjene 100 og 714 saman i ein rutetabell for å illustrere korleis det vil bli med tilbodet til begge linjene.

Merk at dette er rutetider som kan bli endra, då vi ikke har fått start- og sluttidene for turnusen på sjukehuset ennå.

Frå Molde

Illustrasjon av rutetabell for linjene 714 og 100 frå Molde - Klikk for stort bilete

Frå Hjelset

Illustrasjon av rutetabell for linjene 714 og 100 frå Hjelset - Klikk for stort bilete

Kristiansund

Kvardagar

Linje 100 vil køyre mellom Kristiansund og sjukehuset på Hjelset.

Frå 01.01.25 er det sett inn ekstra avgangar for å styrke tilbodet inn mot start- og sluttider for tilsette på sjukehuset.

Som gjer at det mellom klokka 05.20-07.00 vil køyre fire avgangar frå Kristiansund, og fire avgangar mellom klokka 12.00-14.00.

Frå Hjelset til Kristiansund vil det køyre tre avganger mellom klokka 14.40-15.40.

Helg

Det vil også vere bussavgangar laurdag og søndag. Noko færre enn på kvardagar.

Linje 100 i rutetabell

Nedanfor kan du sjå linje 100 i ein rutetabell for å illustrere korleis det vil bli med tilbodet i begge retningane.

Merk at dette er rutetider som kan bli endra, då vi ikke har fått start- og sluttidene for turnusen på sjukehuset ennå.

Frå Kristiansund

Illustrasjon av rutetabell for linje 100 frå Kristiansund - Klikk for stort bilete

Frå Hjelset

Illustrasjon av rutetabell for linje 100 frå Molde - Klikk for stort bilete