Sommartakst på ferje

Frå 1. mai til 31. august blir det sommartakst for køyretøy på alle fylkeskommunale ferjesamband i Møre og Romsdal, også på gratissambanda. Passasjerar reiser framleis gratis.

Oppteningsperioden starta 8. april og oppteninga gjeld per samband og gjelder samla for heile perioden. Det betyr at om du for eksempel har reist 4 gonger på eit samband i løpet av juni, kan du reise gratis på samme samband ut august. På gratissamband blir det då gratis, og på betalingssamband blir det ordinær takst.

Oppteninga starta 8. april og gjeld for kvart samband.

For at reisene skal telje med i oppteninga, må køyretøyet vere knytt til éi av desse avtalane:

  • Autopass-ferjeavtale med forskot
  • FerryPay-avtale 
  • Brikkeavtale med etterfakturering.

Har du Autopass-ferjeavtale med forskot, får du 50 prosent rabatt på ferjetaksten, også i perioden med sommartakst. Elbil får 30 prosent rabatt. Har du i tillegg Autopass-ferjeavtale, blir rabatten rekna oppå Autopass-prisen.