I reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen finn du oppdatert ruteinformasjon. Du kan også bruke appen til å kjøpe billettar.
Buss
For linjene 701, 703/702, 714, 510, 531, 532 og 420 blir det avgangar natt til fredag 18., natt til laurdag 19. og natt til søndag 20. juli (siste helga for festivalen).
- 701 Årølia-Molde-Kvam vil køyre til Kvam og Årølia
- 703 Sentrum-Granlia-Nordbyen frå sentrum (skifter til linje 702 Hatlelia-Bergmo-Nordbyen ved Råkhaugvegen)
- 714 Molde-Kleive vil køyre til Ødegård
- 510 Averøy-Eide-Molde vil køyre til Eide og Vevang
- 531 Molde-Hollingen-Malmeskiftet vil køyre til Jendem og Nye Malmeskiftet
- 532 Elnesvågen-Molde vil køyre til Elnesvågen, Bud og Farstad
- 420 FRAM Ekspress Molde-Åndalsnes vil køyre til Sølsnes ferjekai
Merk at det blir eit anna køyremønster gjennom sentrum. Bussane vil køyre på Øvre veg, men haldeplassane Plassen (i begge retningar) og Gjendemshammeren (i retning sentrum) vil vere stengde på grunn av trafikksikkerheita på staden.
Molde trafikkterminal vil vere i bruk som vanleg.
Ferje
For rute 1060 Åfarnes-Sølsnes blir det tidlegare oppstart for B-ferja på formiddagane laurdag 19. juli og søndag 20. juli.