Molde trafikkterminal blir venterom uten bemanna luke frå 22. desember

Frå 22. desember klokka 12 blir det endringar inne på Molde trafikkterminal. Venterommet på trafikkterminalen vil fortsette å vere tilgjengeleg, men den bemanna luka for informasjon og sal av billettar vil stenge.

Vi skal sørge for tydeleg reiseinformasjon i venterommet og informasjon om kor du kjem i kontakt med FRAM. I dag er det allereie skjermar i lokalet som viser avgangane til og frå trafikkterminalen.

Samtidig oppmodar vi til å bruke reiseplanleggaren på frammr.no og i appen for ruteinformasjon. Og å bruke nettbutikken eller appen til å kjøpe billettane. Det er også laga hjelpevideoar for nettbutikken og hjelpevideoar for appen.

Du kan få svar på spørsmål og hjelp frå FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjema.

Dei som har utfordringar med å bruke dei digitale løysningane, kan ringe 71 28 01 00 i telefontida måndag-fredag mellom klokka 10.00 og 11.00.

Å kjøpe billetten på bussen vil også fortsatt vere mogleg.

Spørsmål og svar om endringane