Kristiansund: bussane kan ikkje køyre Kranaveien frå 20. oktober

Fram til midten av januar vil ikkje bussane køyre gjennom Kranaveien i Kristiansund. Det vil føre til forseinkingar for bybussane. Fram kjem med nærmare informasjon om dato for opning av Kranaveien. 

Linje 803 Karihola–Idrettsparken vil køyre Langveien, Kaibakken og Fosnagata til Kristiansund trafikkterminal i heile perioden.

Foreløpig prøver vi å gjennomføre kollektivtilbodet med berre å endre på traséen, utan å innstille avgangar.

For linje 501 Kristiansund-Bruhagen-Ba-Kårvåg køyrer ikkje avgangen klokka 14.45 frå Bruhagen sentrum innom haldeplassen Freiveien på grunn av stenginga i Kranaveien. Vi ber publikum om å vente med å gå av bussen til han kommer til Kristiansund trafikkterminal på denne strekninga.

Bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen for oppdatert ruteinformasjon.