Innfartsparkering Moa: fleire moglegheiter frå 29. august 2024

FRAM og Ålesund parkering utvidar moglegheitene for innfartsparkeringa på Moa. Det blir no mogleg å kjøpe billett også for parkering + bussreise for reiser utanom Ålesund.

Det blir ein billett for parkering + 1 sone med buss tur/retur, ein billett for parkering + 2 soner med buss tur/retur og ein billett for parkering + 3 soner med buss tur/retur. 

Moglegheita for å bruke innfartsparkeringa saman med periodebillett består som i dag.

Les meir i artikkelen Innfartsparkering.