Innfartsparkering

Innfartsparkering er parkeringsplassar som er meint for pendlarar som køyrer til eit knutepunkt og tar buss vidare derifrå. I samarbeid med Ålesund Parkering har vi tilbod om innfartsparkering på Moa i Ålesund. 

Innfartsparkering for bussreisande på Moa

Aust for svømmehallen på Moa er eit område med om lag 60 parkeringsplassar reservert for pendlarar som køyrer til Moa og tar buss vidare derifrå.  

Kjøp 12-timars billett i Flexipark-appen

For 46 kroner per dag får du parkering og bussbillett tur-retur mellom Moa og Ålesund sentrum. Det er same prisen som ein enkeltbillett på bussen. Parkerings-/bussbilletten varar i 12 timar og gjeld for førar av bil.  

For å kjøpe billett må du laste ned FlexiPark-appen. I appen vel du «Parkeringsavtale», deretter «Bestill parkeringsavtale» og alternativet «Innfartsparkering Moa».  Du får då ein «billett» (Aktiv avtale) i appen som gjeld som billett på bussen. Du viser denne billetten til sjåføren når du går på bussen.

Er du pendlar med periodebillett for buss kan du også bruke desse plassane

Har du gyldig periodebillett for buss, kan du også bruke desse plassane. Det gjeld uansett kor du skal reise til med buss frå Moa.  

Du må plassere utskrift/bilde av gyldig periodebillett eller lesbar kvittering på kjøp av periodebillett, godt synleg gjennom frontruta på køyretøyet. 

Her finn du innfartsparkeringa på Moa

Bilde som viser område for innfartsparkering på Moa - Klikk for stort bilete