For kvitteringa, spør sjåføren

For å korte ned tida det tar å kjøpe billetten om bord, blir ikkje kvitteringa lenger skriven ut automatisk.

Billetten får du alltid. Behøver du kvitteringa også, kan du spørje sjåføren.

Når du treng kvittering

Skal du sende inn ein reiserekning fordi andre skal dekke reisa for deg, treng du også kvitteringa som dokumentasjon.

Kjøp i FRAM-appen i staden

Bruker du FRAM-appen, kan du kjøpe billetten før du går om bord. Og sende kvitteringa på e-post i appen.

Spar miljøet og tida om bord.