Buss for tog på Raumabanen – periode med justerte bussruter er forlenga

Perioden med buss for tog på Raumabanen er forlenga. Det same gjeld justeringane for bussane som korrespondar for tog ved Åndalsnes.

Endringar i rute 420 og 681

Følgande ruter blir påverka:

  • 420 FRAM Ekspress Molde–Åndalsnes tur/retur
  • 681 Ålesund–Vestnes–Åndalsnes
     

Endringane gjeld fram til 1. oktober, men perioden kan bli forlenga. Årsaka til at ikkje toget går som vanleg er at eit jordskred har gått over togskinnene, og skadane må utbetrast.  

Sjekk reiseplanleggaren før du reiser

Reisande finn oppdatert ruteinformasjon i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen. Her blir endringar fortløpande oppdatert.

Vi oppmodar alle til å sjekke rutetidene før avreise, slik at ein er oppdatert på eventuelle endringar i samband med buss for tog.