Den nye billetten heiter Bypakke Kristiansund og kostar 499 kroner for vaksne og 280 kroner for barn og honnør. Billetten gjeld i 30 dagar for bussreiser i Kristiansund kommune, inkludert Frei.
Den rabatterte bussbilletten er eit av kollektivtiltaka i bypakken, og skal gjere det enklare og meir attraktivt å velje buss i ein periode der trafikkmønsteret i byen endrar seg.
Tiltaket er mellombels og blir finansiert gjennom Bypakke Kristiansund. Etter planen skal billetten vere tilgjengeleg minst ut året.
Billetten kan kjøpast i FRAM-appen og nettbutikken frå måndag 1. juni.