Åndalsnes: FRAM Ekspress-linjene 420 og 681 vil køyre som normalt igjen frå 6. oktober

Perioden med buss for tog på Raumabanen er korta ned til å gjelde fram til måndag 6. oktober. Og bussane som korresponderar med tog i Åndalsnes vil begynne å følge normale rutetider igjen frå same måndagen.

Gjeld togbussane

Følgande linjer blir påverka (i begge retningar):

  • 420 FRAM Ekspress Molde–Åndalsnes (togbuss)
  • 681 FRAM Ekspress Ålesund–Vestnes–Åndalsnes (togbuss)

Sjekk reiseplanleggaren før du reiser

Reisande finn oppdatert ruteinformasjon i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.