Pendlarparkering

Pendlarparkering eller innfartsparkering er parkeringsplassar som er meint for pendlarar som køyrer til eit knutepunkt og tar buss vidare derifrå. I samarbeid med Ålesund Parkering har vi ein avtale om innfartsparkering på Moa i Ålesund. 

Parkering for reisande med bussane på Moa

Aust for svømmehallen på Moa er eit område med om lag 60 parkeringsplassar reservert for pendlarar som køyrer bil til Moa og tar buss derifrå.

Prisar

Pendlerparkering
AvtalarPris
Parkering + 1 sone92 kroner
Parkering + 2 soner184 kroner
Parkering + 3 soner278 kroner

Slik gjer du det

  1. Last ned FlexiPark-appen.
  2. I appen vel du «Parkeringsavtale», og «Bestill parkeringsavtale» og det alternativet som passar for deg. 
  3. Du får då ein «billett» (aktiv avtale) i appen som gjeld som billett på bussen. Du viser denne billetten til sjåføren når du går om bord på bussen.

Billetten gjeld for parkeringa og føraren av bilen. Er de fleire i bilen som skal reise med bussen, treng dei andre å kjøpe eigen billett til bussen.

Det er tre ulike variantar av parkering + billett for bussen, eller parkeringsavtale som det heiter i FlexiPark-appen:

Parkering på Moa + billett for bussen i 1 sone

Dagparkering på Moa og bussreise tur-retur innanfor sone Ålesund. Omfattar kommunane Ålesund, Sula, Giske og Haram.

Gyldig i 12 timar frå tidspunktet du kjøper billetten.

Parkering på Moa + billett for bussen i 2 soner

Dagparkering på Moa og bussreise frå sona du er i (Ålesund) inn i tilgrensande sone og tilbake (tur-retur). Tilgrensande soner er Molde (Vestnes, Aukra, Molde, Hustadvika), Søre Sunnmøre (Vanylven, Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy og Sande), og Indre Sunnmøre (Stranda, Fjord og Sykkylven).

Gyldig i 20 timar frå tidspunktet du kjøper billetten.

Parkering på Moa + billett for bussen i 3 soner

Parkering inntil 30 timer på Moa og bussreise frå sona du er i (Ålesund) og i 2 soner i tillegg (tur-retur). Eksempel er reise via sone Molde (Vestnes, Aukra, Molde, Hustadvika) til sone Romsdal (Rauma kommune) eller via sone Molde til sone Kristiansund (Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Tingvoll).

Gyldig i 30 timar frå tidspunktet du kjøper billetten.

Er du pendlar med periodebillett for bussen, kan du også bruke denne parkeringa

Har du gyldig periodebillett for bussen i sonene, kan du også bruke denne parkeringa. Det gjeld uansett kor du skal reise til med buss frå Moa.

Du må legge ei utskrift/bilde av den gyldige periodebilletten eller ei lesbar kvittering for kjøpet av periodebilletten, godt synleg i frontruta på bilen.

Her finn du pendlarparkeringa på Moa

Bilde som viser område for innfartsparkering på Moa - Klikk for stort bilete

Relatert informasjon