- Du kan ta med sykkel på buss og hurtigbåt dersom det er plass. Det er sjåføren eller mannskapet som avgjer om det er plass på den aktuelle avgangen.
- På buss må du betale barnetakst for sykkel og større sparkesyklar. Samanleggbare syklar og små sparkesyklar som enkelt kan tas under armen, kan du ta med gratis.
- På hurtigbåt kan du ta med sykkel eller sparkesykkel gratis.
- På ferge kan du ta med sykkel eller sparkesykkel gratis.
Sykkeltransport gjennom tunnelar
I Møre og Romsdal er det mange tunnelar som det ikkje er lov å sykle gjennom. Nokre stader finns det alternative vegar for sykkel, men andre stader er syklistar avhengig av transport gjennom tunnelane.
Der det går rutebuss gjennom tunnelane, er det mogleg å ta med sykkel på bussen, så framt det er plass. Det er ikkje mogleg å førehandsbestille plass til sykkel.
Nasjonal sykkelrute1 / EuroVelo1 (Atlanterhavsruta)
Nasjonal sykkelrute 1/EuroVelo 1 har fått namnet Atlanterhavsruta. Ruta går langs kysten og over fleire øyar mellom Ålesund og Kristiansund, og gir ein unik nærkontakt med havet og kystlandskapet. Ruta inneheld fleire hurtigbåt- og ferjesamband.
Gjennom Atlanterhavstunnelen ved Kristiansund er det ikkje tillate å sykle. Det finns to alternativ for syklistar som skal gjennom Atlanterhavstunnelen:
- Med rutebuss: inntil to syklar per avgang så framt det er plass.
- I drosje med sykkelstativ: inntil tre syklar per drosje. Gjeld frå 1. mai til og med 30. september. Du kan bestille drosjetransport ved å ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 i opningstida som er måndag-fredag 08.00-16.00.