Skal du reise med ei gruppe, er det nokre ting du skal hugse på.
Buss
- Av omsyn til kapasiteten er det berre plass til ei gruppe med maksimalt 15 personar per bussavgang. Dei reisande må sjølv regulere talet i gruppa som reiser per avgang, og eventuelt dele seg opp på fleire avgangar.
- På bybussane i Ålesund, Molde og Kristiansund kan grupper opp til 25 personar reise saman mellom klokka 09.00 og 13.00.
- Merk at det ikkje er plassgaranti for gruppa.
- Reisegarantien gjeld ikkje.
- Det blir ikkje sett opp ekstra kapasitet/avgangar på dagar der det er spesielle arrangement.
- For reiser utanfor det ordinære kollektivtilbodet, til spesifiserte tider eller på dagar med spesielle arrangement, må de eventuelt bestille eigen transport. Da må de kontakte bussoperatørane eller turbussar direkte for eit tilbod (FRAM tek ikkje hand om dette).
For barnehage
Barn og vaksne i barnehagane, som reiser saman, kan ta bussen utan å betale for barna når:
- De reiser mellom klokka 09.00 og 13.00. Altså, begynner etter 09.00 og før 13.00 igjen, fordi det er færre andre reisande på den tida.
- Barnehagen må ha voucher eller betale for dei vaksne når de går om bord på bussen.
- Vidare gjeld same reglar som generelt for gruppereise (sjå lenger opp).
For skole
Elevar og lærarar på skolane, som reiser saman, kan ta bussen som andre.
- For skolen gjeld same reglar som generelt for gruppereise (sjå lenger opp). Vi oppmodar til å reise mellom klokka 09.00 og 13.00, fordi det er færre andre reisande på den tida.
- Skolen må ha voucher eller betale for både elevane og lærarane når de går om bord på bussen.
Relatert informasjon