Volda sjukehus: ruteendringar frå måndag 24. Mars

På grunn av vegarbeid i Heltnevegen blir det endringar for bussen rundt Volda sjukehus i perioden 24. mars – 1. september 2025. 

Vegarbeidet fører til endringar i trasé rundt Volda sjukehus for bussrute 338 og 341. Desse rutene må leggast om, og rutetilbodet til/frå sjukehuset blir noko redusert i perioden.

Sjekk reiseplanleggaren i FRAM-appen eller på frammr.no for oppdatert ruteinformasjon.