Viktig informasjon om reisegarantien under Ski-VM i Trondheim

Reisegarantien vil ikkje gjelde for FRAM Ekspress-linjene 902 og 905 under Ski-VM i Trondheim, som finn stad frå 26. februar til 9. mars.

Buss ved holdeplass. Natt. - Klikk for stort bileteReisegarantien gjeld ikkje for linje 902 og 905 under Ski-VM. Terje Aamodt

Årsaka er at FRAM brukar alle bussane vi har tilgjengeleg allereie, og vi har dessverre ikkje moglegheit til å setje inn fleire bussar dersom det skulle oppstå forseinkingar. 

Vi vil samstundes understreke at vi gjer vårt beste for å oppretthalde ein påliteleg og effektiv kollektivtransport, og det er ikkje sikkert at det vil oppstå problem som påverkar desse busslinjene.

Vi set pris på forståinga og samarbeidet, og håpar at de framleis vil nytte dykk av busstilbodet vårt under Ski-VM.

På desse busslinjene gjeld altså ikkje reisegarantien i perioden 26. februar – 9. mars:

902 FRAM Ekspress Trondheim–Surnadal–Molde
905 FRAM Ekspress Molde–Kristiansund–Trondheim