Under jazzveka i Molde blir det som vanleg nokre endringar for bussane. Fleire avgangstider er endra, og nattbussane køyrer delvis på andre tidspunkt enn vanleg.
Buss
Det blir ekstra avgangar natt til fredag 17. juli, natt til laurdag 18. juli og natt til søndag 19. juli.
Det gjeld desse linjene:
714 Molde–Kleive
702/703 Hatlelia–Bergmo–Nordbyen/Granlia–Nordbyen
701 Årølia–Molde–Kvam
532 Elnesvågen–Molde
531 Molde–Hollingen–Malmeskiftet
510 Averøy–Eide–Molde
420 FRAM Ekspress Molde–Åndalsnes
Ferje
For rute 1060 Åfarnes–Sølsnes blir det tidlegare oppstart for B-ferja på formiddagane laurdag 18. juli og søndag 19. juli.
Endra køyrerute og stengte haldeplassar
Frå og med laurdag 11. juli til og med søndag 19. juli køyrer linje 240, 531, 561, 701, 705 og 706 om Øvre veg og Spolertbakken. Årsaka er planlagd stenging av Storgata.
I same periode blir desse haldeplassane ikkje betente:
- Plassen, begge retningar
- Gjendemshammer, retning sentrum
Gjendemshammer retning Hatlelia/Skrenten blir betent som normalt.
Molde trafikkterminal er i bruk som vanleg.