Ulstein: Omkøyring for bussane mellom Dimna og Ulsteinvik
Bussane på linje 306 Dimna–Ulsteinvik får omkøyring frå 13. oktober til 20. november på grunn av vegstenging.
Publisert 12.10.2026 12.43
Sist endra 13.11.2026 15.52
I denne perioden køyrer ikkje bussane den vanlege traseen Hasund skule–Ertesvåg–Dimna skule. Omkøyringa går via Skjerva til Dimna skule.
Minibuss for skoleelevar
Det går minibuss mellom Indre Dimna og Hasund skule for elevar i grunnskolen. I samband med omlegginga blir rutetidene på strekninga Sundgotmarka–Ertesvåg noko endra.
Det var først meldt at arbeidet skulle vare til 13. november. Det er forlenga til 20. november.
Du finn oppdaterte rutetider i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.