Treng meir tid til utbetring av Standal ferjekai

Ferjekaia på Standal vart stengd tidlegare i mars på grunn av undergraving under landkaret på kaia. Arbeidet med utbetringa er i gang, men vil ta lengre tid enn først antatt.

Omfanget av utvaskinga er noko større enn det inspeksjonen avdekka. Dette har blitt klart under utbetringa av kaia. Det må mellom anna monterast nytt landfeste for ferjekaibrua.

Det er venta at ferjekaia på Standal vil opne igjen fredag 11. april.

Mens kaia er stengt, er det sett opp alternativ rutetabell for ferja. Oppdaterte rutetider finn ein i reiseplanleggaren her på frammr.no eller i FRAM-appen.

Det er også mogleg å finne rutetabellen som PDF på nettsida vår for rutetabellar for ferjene