To-ferjeløysing og endra rutetider på Eidsdal-Linge frå 16. mai

Frå 16. mai startar to-ferjeløysinga på ferjestrekninga Eidsdal-Linge, på fylkesveg 63 i Fjord kommune. I perioden med to ferjer, som varar fram til 30. september, bli det gjort endringar i rutetidene på sambandet.

Dette er endringane i to-ferjesesongen:

  • A-ferja vil ligge på Linge om natta og på grunn av dette blir siste avgang frå Eidsdal om kvelden innstilt i to-ferjesesongen.
  • Første avgang for A-ferja blir frå Linge klokka 06.00 på kvardagar og klokka 06.30 på laurdagar og søndagar.

Endringa blir gjort på grunn av kviletid og beredskap.

Beredskap og kviletid

B-ferja vil vere beredskapsferje i perioden, og går til Liabygda når det blir beredskapstur. Avhengig av tidspunkt for beredskapsturen, kan dei første avgangane til B-ferja bli innstilt grunna kviletid for mannskapet. A-ferja vil gå som normalt.