Tidlegare har det vore tilbod om venterom for reisande på Kulturhuset i Surnadal. Det nye venterommet ligg rett over vegen for det gamle, i kjellaren på Frich’s Hotel. Inngangen er ved foten av gangbrua.
– Det viktigaste for oss er at dei reisande har ein stad å vente som er enkel å finne og som fungerer godt i kvardagen, seier leiar i FRAM, Stig Helle-Tautra.
- Venteareal som dette blir i dag i større grad tilpassa dei viktigaste behova passasjerane har, samtidig som vi ønsker å bruke mest mogleg ressursar på sjølve transporttilbodet.
FRAM ber dei reisande merke seg den nye lokasjonen og sette seg inn i kvar ventearealet ligg før reisa.
For oppdatert ruteinformasjon, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.