Så lenge vegen er stengt, kan ikkje bussen køyre ned til hurtigbåtkaia. Det blir derfor etablert ein mellombels haldeplass ved slaktebutikken i Lerheimsvegen.
Passasjerar som skal til og frå buss og hurtigbåt, må rekne med å gå om lag 450 meter mellom den mellombelse haldeplassen og hurtigbåtkaia.
Stenginga gjeld etter planen fram til rundt skulestart i august.
For oppdatert ruteinformasjon, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.