Stengt ferjekai på Dryna gir endringar i bussrutene 240 og 241
Ferjekaia på Dryna er stengd frå torsdag 19. februar til og med onsdag 4. mars 2026. I perioden får bussrutene 240 og 241 endringar i rutetider og trasé.
Publisert 16.02.2026 11.14
Sist endra 16.02.2026 11.23
Planlegg reisa i reiseplanleggaren før avreise for å sjå oppdaterte avgangar og haldeplassar.
På grunn av stengt ferjekai på Dryna blir det mellombelse endringar i bussrutene:
- Rute 240: Køyrer ikkje ut til Dryna ferjekai på nokon av turane i perioden.
- Rute 241: Får endra rutetider og trasé i perioden.
For oppdatert ruteinformasjon, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.