Stenging av Dryna ferjekai – mellombels passasjerbåt frå Midsund til Brattvåg

Ferjesambandet Brattvåg – Dryna blir mellombels stengt frå og med 19. februar til og med 4. mars 2026. Årsaka er arbeidet med overgang frå gammal til ny brubås på Dryna ferjekai.

I perioden blir passasjerbåten M/S Lagertha sett inn mellom Midsund marina og Brattvåg småbåthavn. Overfartstida er berekna til å vere i underkant av 40 minutt. Det blir ikkje same rutetider som ferja. Rutetabell for passasjerbåten finn du på frammr.no eller i FRAM-appen. 

Busshaldeplass og venterom vil vere som i dag.  For køyretøy blir det omkøyring via sambanda Molde – Vestnes, og  Solholmen - Mordalsvågen. 

Ferjesambandet Brattvåg – Dryna går som normalt igjen frå 5. mars 2026.