Sommartrafikken på Eidsdal–Linge

Ferjesambandet Eidsdal–Linge er et av dei mest trafikkerte sambanda i fylket på sommarstid når turisttrafikken til og frå Geiranger er på sitt høgste. Derfor er det etablert ei ordning med fortrinnsrett for innbyggarar og bedrifter i Fjord og Stranda kommunar.

Bilkø på ei ferjekai. Foto - Klikk for stort bileteFerjekaia på Linge. Kåre Andre Berge

Fortrinnsretten blei vedtatt av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune i 2020. Ordninga er administrert av Fjord kommune og gjeld frå og med 1. juni til og med 8. september. 

Desse vilkåra gjeld for å få fortrinnsrett:

  • Bevis for fortrinnsrett skal være synleg i frontruta på køyretøyet
  • Dokumentasjon (SMS/brev) på stadfesta time på sjukehus, hos lege o.l. skal visast fram til trafikkdirigentar/ferjemannskap ved ferjekaiene
  • Maksimalt 8 med fortrinnsrett per avgang
  • Oppmøte seinast 10 minutt før avgang

Det er innbyggarar og bedrifter i Fjord og Stranda kommunar som reiser jamnleg på sambandet som har moglegheit til å få fortrinnsrett. Søknadsfristen er 1. juli 2024. Søknad sendast til Fjord kommune i eige skjema på nettsidene deira. Bevis på fortrinnsrett på sambandet blir sendt i posten.

Det er eigne oppstillingsfelt på ferjekaiene for dei med fortrinnsrett.

Trafikkdirigentar på plass

I høgsesongen vil det vere trafikkdirigentar på plass på ferjekaia. Byggeleiar i vegdriftsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kåre Andre Berge, understrekar at jobben dei gjer er viktig. 

– Arbeidet som trafikkdirigentane gjer på kaia er veldig viktig. Dei er der for å gjere trafikkavviklinga tryggare og enklare for alle. Då er det også viktig at alle følgjer dei tilvisingane dei får frå dirigentane, seier han, og fortset:

– Køar kan gjere folk stressa og frustrerte, men vi håpar folk hugsar å vise omsyn til både dirigentane og andre reisande. Då kan alle kome trygt heim til sine.

Del av Nasjonale turistvegar

Det er stor trafikk i ferjesambandet Eidsdal–Linge om sommaren. Den om lag 10 minuttar lange ferjeturen over Norddalsfjorden er ein viktig del av strekninga Geiranger–Trollstigen i Nasjonale turistvegar. 

Nytt i år er at det blir to store ferjer som skal trafikkere sambandet, og dette vil gje ei vesentleg auke i kapasiteten. Dei nye ferjekaiene som Møre og Romsdal fylkeskommune bygger i sambandet nærmar seg også ferdigstilling.