Sommarruter for ferjesambandet Hareid – Sulesund
Det blir sett opp eigne sommarruter for ferjesambandet 1068 Hareid–Sulesund i perioden 23. juni til og med 3. august 2025.
Publisert 18.06.2025 09.27
Sist endra 18.06.2025 09.29
Endringa kjem som følgje av at hurtigbåtsambandet Hareid–Ålesund–Valderøya har fått ein ekstra tidleg morgonavgang. Midlane som blir frigjorde ved redusert ferjedrift, blir brukte til å styrke dette tilbodet.
Frå måndag 4. august går sambandet Hareid – Sulesund tilbake til ordinære ruter.
Oppdaterte rutetider finn du i FRAM-appen og på frammr.no.