Smøla: Fv. 6200 stengt i to periodar - endringar for rute 832

Fv. 6200 blir stengt i to periodar på Smøla i samband med arbeid ved Leirsundet og Grøftsundet. Rute 832 køyrer med minibuss og avvikande trasear medan vegen er stengt ved Leirsundet og Grøftsundet.

Stengingane påverkar rute 832. Ruta skal etter planen køyre etter rutetabellen, men blir utført med minibuss.

Dette gjeld

Leirsundet frå tysdag 23. juni kl. 08.00 til torsdag 25. juni kl. 23.59.

I denne perioden blir rute 832 utført med minibuss. Bussane køyrer avvikande trasear for å kunne betene haldeplassane.

Grøftsundet frå måndag 29. juni kl. 08.00 til laurdag 4. juli kl. 23.59.

 I denne perioden blir rute 832 også utført med minibuss. Bussane køyrer avvikande trasear for å kunne betene haldeplassane.

Ikkje sanntidsinformasjon

Rute 832 vil ikkje ha sanntidsinformasjon medan vegen er stengt. Bussane vil heller ikkje visast i sanntidskartet i desse periodane.

Reisande må derfor følge rutetabellen og møte opp til planlagt avgangstid.

For oppdatert ruteinformasjon, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.