Teljinga skal skilje kven som i sommar må betale sommartakst og kven som får uendra takst (normaltakst). Regelen for sommartakstperioden er at den som etter 1. april har fire turar eller meir på eit samband, i perioden 1. mai til 31. august er kvalifisert for normaltakst frå og med den femte reisa i dette sambandet. Dei som ikkje har nok opptente reiser, må betale sommartakst.
Hensikta med sommartakst er å delfinansiere høgare kostnad som følge av stor bruk (det er om sommaren to ferjer på Eidsdal–Linge) og/eller dempe trafikken for å unngå trafikale utfordringar.
Samferdselsutvalet vedtok einstemmig å innføre sommartakst i perioden 01.05.2025 til 31.08.2025 på to ferjesamband i fylket:
- Eidsdal–Linge: Sommartakst er fem takstsoner over normaltakst (taksten som gjeld til vanleg).
- Småge–Orta–Finnøya–Sandøya–Ona: Sommartakst er takstsoner som gjaldt før sambandet vart gratis. Normaltakst er gratis.
Hensikta med sommartaksten er å delfinansiere kostnadane og/eller dempe trafikken for å unngå trafikale utfordringar.
Sommartakstar
Komplett prisoversikt finn du på Autopassferje.no. Der finn du sommartakstane i dei to aktuelle sambanda på reiser mellom 1. mai og 31. august.