Skår ferjekai opna 29. august
Fredag 29. august blei ferjekaia på Skår opna igjen. Ørsta kommune stengde den kommunale ferjekaia 27. mai i år av omsyn til tryggleik, og i sommar er det gjort eit omfattande arbeid for å utbetre kaia.
Publisert 29.08.2025 13.28
Sist endra 29.08.2025 13.46
Det er blant anna gjort forsterkingsarbeid på kaikonstruksjonen og det er lagt nytt dekke på køyrebrua. Kaia er no godkjent for køyretøy med brukslast på BK 8/32. Det vil seie kyøretøy med akseltrykk på 8 tonn eller 12 tonn på boogie.
Skår fergekai har ein estimert levetid på 2 år frå opningsdatoen.