Skadar på tilleggskaia ved Orta ferjekai, anløp kan bli innstilte i dårleg ver

Tilleggskaia ved Orta ferjekai er i dårleg stand, og det er avdekt skadar som må utbetrast.

I påvente av at det blir gjennomført nødvendige utbetringar, er det behov for å redusere belastninga på tilleggskaia så mykje som mogleg. 

Det betyr at ferja må legge til på mest mogleg skånsam måte, og at det i periodar med mykje vind og sjø kan bli nødvendig å ikkje legge til. Dette kan føre til at anløp blir innstilte.

Ein kan per no ikkje seie når utbetringa blir gjennomført, men det jobbast med å få dette på plass så raskt som mogleg. Vi beklagar ulempene dette kan gi for dei reisande.

For oppdatert ruteinformasjon, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.