Sjøvegen på Hjelset blir stengt – busslinje 714 må endre køyrerute

Molde kommune skal i gang med arbeid med vatn og avløp i Sjøvegen på Hjelset. Vegen blir stengt, og FRAM si busslinje 714 Molde–Kleive må derfor endre køyrerute.

Buss som står parkert. Foto - Klikk for stort bileteLinje 714 får endra køyrerute. Elin Johanson Lyngstad

Dette gjeld frå og med måndag 10. juni og fram til Sjøvegen blir opna igjen. Molde kommune planlegg at arbeidet skal vere ferdig innan mai 2025. 

Linje 714 kjem ikkje til å stoppe på desse busstoppa i stengeperioden:

  • Opdøl
  • Skjevikvegen
  • Skjevika 
  • Sjøvegen

Bussavgangane som er knytt opp mot skolestart og skoleslutt, vil køyre fylkesveg 62 fram til Skjevik skole og snu der. Resterande avgangar vil snu ved stoppet Skjevikåsen ved butikken.