Rutekutt frå 1. mai til 18. august

Dei planlagde kutta i busstilbodet blir sette i verk frå 1. mai og fram til 18. august. Frå då av og ut året går bussane som normalt igjen.

Fylkestinget vedtok i desember i fjor, av omsyn til økonomien, å kutte i busstilbodet i fylket frå 1. mai 2025. Då vedtaket var fatta, vart busselskapa kontakta, og dei har tilpassa bemanning ut frå vedtaket om kutt i rutetilbodet og lagt ferieplanar.

Førre veke var fylkestinget samla i Geiranger, og i saka om Endring av budsjett for 2025 vedtok dei å reversere vedtaket frå desember om kutta i rutetilbodet.

Under behandlinga av saka torsdag bad fylkeskommunedirektøren om forståing for at busselskapa treng tid til å tilpasse bemanninga til auka ruteproduksjon igjen.

No varslar FRAM at dei planlagde kutta i rutetilbodet blir gjennomført, men berre frå 1. mai til 18. august, då selskapa har fått tilpassa seg det nye vedtaket. Frå den datoen og ut året går bussane som i dag.

«Togbussen» mellom Ålesund og Åndalsnes har vore omfatta av kuttplanane, men vil gå som normalt heile 2025.

Du finn alltid oppdatert ruteinformasjon i reiseplanleggaren i FRAM-appen og på frammr.no