Ruteendringar i Molde frå 23. februar, 703 og 706:

Stengt  Mikkeliveg og Granlia fører til omkøyring og endra haldeplassar i Molde

Alle passasjerar blir oppmoda om å sjekke reisa si før avgang. 

Frå måndag 23.02.2026 blir det omkøyring for rute 703 og 706 på grunn av gravearbeid og stenging i krysset Granlia/Mikkelivegen ved Mølleråsen (i minst 4 veker).

Rute 703 retning sentrum køyrer om Solbakken og Langmyrvegen vestover. Haldeplassane Granlia rundkøyring og Mølleråsen blir ikkje betjent i perioden. I staden blir det oppretta eit mellombels stopp ved Langmyra skole langs Langmyrvegen. 

Rute 706 køyrer Langmyrvegen vestover etter Langmyra skole. Haldeplassane Solbakken terrasse, Granlia rundkøyring og Mølleråsen blir ikkje betjent i perioden.

For oppdatert ruteinformasjon, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.