Reduksjon i talet bussavgangar på helg - gjeldande frå 7. oktober

Frå 7. oktober blir det reduksjon i talet bussavgangar på helg, på nokre busslinjer til og frå Molde. Bakgrunn for reduksjon er vedtak om rutekutt i fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Endringane

Busslinje 531: Avgang kl. 18.45 frå Molde til Hollingsholm ferjekai og kl. 19.12 frå Hollingsholm ferjekai til Molde på søndagar går ut.

Busslinje 532:  

  • Avgang kl. 11.00, 15.00, 17.00 og 21.00 frå Hustadmarmor til Molde på søndagar går ut
  • Avgang kl. 12.15, 16.15 og 20.15 frå Molde til Hustadmarmor på søndagar går ut
  • Avgang kl. 18.15 Molde-Hustadmarmor på søndagar er flytta til kl. 18.30
  • Avgang kl. 22.15 Molde-Hustadmarmor på søndagar er flytta til kl. 21.30
  • Avgang kl. 23.20 Molde-Hustadmarmor på laurdagar går ut
  • Avgang kl. 22.30 Hustadmarmor-Molde på laurdagar går ut
  • Nattbussen med avgang kl. 02.15 frå Seilet til Farstad via Elnesvågen og Bud laurdagar (natt til søndagar) går ut
     

Alle nye rutetider vil bli oppdatert i reiseplanleggaren og appen til FRAM.