Dei andre bussane køyrer via Strandgata til og frå Øran. Det er etablert ein ny haldeplass ved Rauma helsehus.
Endringa betyr at haldeplassen Realskolen ikkje lenger blir betent, bortsett frå av rute 483.
Avgangane til og frå Åndalsnes ungdomsskole blir ikkje endra.
Oppdaterte rutetabellar for rute 420 og 482 blir lagt ut på frammr.no. Ruter som berre går på skoledagar, blir oppdaterte etter sommarferien.
For oppdatert ruteinformasjon, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.