Frå 1. januar 2026 aukar prisane på FRAM-billettar med 3,5 prosent. Dette gjeld alle billettar, også FRAM UNG og periodebillettar der du reiser gjennom heile fylket. For ferjene blir takstane endra slik at alle betalingssamband aukar med ein takstsone frå 1. januar 2026. I tillegg kjem den årlege prisjusteringa på ferjetakstane, som blir fastsett av Samferdselsdepartementet.
Sommartakst på ferje
Frå og med mai 2026 blir det innført ein sommartakst per tur for alle køyretøy på alle ferjesambanda i mai, juni, juli og august. Om eit køyretøy har meir enn fire turar i perioden og ein avtale for betaling på same ferjestrekke, så fell taksten bort.
Oppdaterte takstar blir publiserte i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen før endringane trer i kraft.
Sjå oppdaterte rutetider i FRAM-appen og på frammr.no