Frå 1. januar blir prisane på buss, hurtigbåt og ferje endra.
Terje Aamodt
Endringane vart vedtatt i fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune, tysdag 10. desember.
Dette er endringane frå 1. januar:
Buss
Generelt aukar prisane på bussbillettar med 4,1 prosent. Det betyr ei auke på 2 kroner for vaksen enkeltbillett i éi sone. Prisjusteringa er basert på kommunal deflator, som settast i statsbudsjettet.
Oversikt over alle nye prisar på bussbillettar i Møre og Romsdal
Hurtigbåt
Billettprisane på hurtigbåtane i fylket aukar også med 4,1 prosent frå 1. januar.
Oversikt over alle nye prisar på hurtigbåtbillettar
FRAM Ung
Prisen på FRAM Ung går opp frå 450 kroner til 500 kroner 1. januar.
– Billetten får også ny aldersgrense, og kan berre brukast fram til og med 20 år. I dag kan du bruke denne til og med 24 år, opplyser Toril Karlsnes, markedssjef i FRAM.
Det vil vere ein overgangsfase for dei som har kjøpt FRAM Ung i desember i år. Den nye aldersgrensa vil bli handheva frå 1. februar 2025.
FRAM Ung er ein periodebillett for reiser med buss og hurtigbåtar i fylket.
– For studentar kan eit alternativ vere FRAM Student, som kan brukast til og med 29 år, seier Karlsnes.
Ferje
Fylkestinget vedtok å auke prisane på dei fylkesvegferjene som ikkje er gratis, tilsvarande éi takstsone. I tillegg får desse sambanda prisauke i samsvar med endringar i AutoPASS-regulativet for ferjetakstar. Auken blir på 3,8 prosent frå 1. januar 2025, i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak.
Reiser med ferje vil framleis vere gratis for passasjerar.
– Du betalar berre for køyretøyet, og det er desse prisane som går opp frå nyttår. Kva du må betale for reisa er avhengig av kva køyretøy du har og kor langt du reiser, seier Karlsnes.
I Møre og Romsdal er det desse ferjesambanda som får endra prisar frå nyttår:
1053 Stranda–Liabygda
1054 Eidsdal–Linge
1055 Sykkylven–Magerholm
1060 Åfarnes–Sølsnes
1061 Kvanne–Rykkjem
1063 Seivika–Tømmervåg
1065 Volda–Lauvstad
1066 Larsnes–Åram
1067 Årvika–Koparneset
1068 Hareid–Sulesund
Billettprisar for ferjene finn ein i ferjepriskalkulatoren på autopassferje.no
Nye ferjeprisar blir oppdaterte av Statens vegvesen i løpet av romjula 2024.