Periodebillettane blir endå billegare frå 1. november

Frå 1. november blir alle 30-dagars periodebillettar for buss og hurtigbåt i Møre og Romsdal sett ned med ytterlegare 145 kroner.  

Prisreduksjonen er midlertidig. Du får ikkje refusjon for periodebilletter som er kjøpt før 31. oktober som følge av prisreduksjonen.

Tidlegare i år vart prisane på dei 30-dagars periodebillettane reduserte med 100 kroner. Med den nye reduksjonen blir billettane til saman 245 kroner billegare enn dei var før 1. april 2026. Møre og Romsdal fylkeskommune har fått tildelt midlar til dette tiltaket.  

Målet er å gjere det enklare og rimelegare å bruke kollektivtransport i kvardagen. 

Prisreduksjonen gjeld alle 30-dagars periodebillettar for både buss og hurtigbåt i fylket.  

Bakgrunn for prisreduksjonen

Derfor blir billettane billegare

Prisreduksjonen er mogleg gjennom ei statleg tilskotsordning til fylkeskommunane.  

Prisreduksjonen er midlertidig

Dei reduserte prisane gjeld så lenge det er midlar igjen i den statlige tilskotsordninga. Derfor kan vi ikkje seie nøyaktig kor lenge prisreduksjonen vil vare.