Oppstart for B-ferje på sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya frå 1. april

Måndag 1. april blir det oppstart for B-ferje i sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya. Sidan dette er 2. påskedag, vil det vere søndagsrute denne dagen.

Første avgang med B-ferja 1. april blir kl. 10.40 frå Larsnes.

Nytt for i år er at B-ferja vil gå på søndagar, i staden for laurdagar som i 2022 og 2023. Rutetabellane har vore på høyring, og tilbakemelding frå Sande kommune er at dei innkomne innspela peiker på at søndagar bør prioriterast. Trafikktala for 2023 for sambandet viser også at det er søndag som har vore den vekedagen med flest gjenståande køyretøy.

Ikkje til Kvamsøya på kvardagar

I april vil B-ferja gå i rute mellom Larsnes og Voksa på kvardagar, altså ingen anløp Kvamsøya. Mykje av byggearbeidet som går føre seg på ferjekaia, vil måtte ta pause ved kvart ferjeanløp. Auke i talet på anløp vil derfor forsinke og fordyre byggearbeidet. Arbeidet på denne kaia går no inn i ein meir intensiv periode med auka aktivitet. På søndagar er det ikkje planlagt byggearbeid, og B-ferja vil derfor gå til Kvamsøya desse dagane.

Her finn du rutetidene

Oppdaterte rutetider finn du ved å søke i reiseplanleggaren her på frammr.no eller i FRAM-appen. Du finn også rutetabellen som pdf. på FRAM si nettside for rutetabellar for ferjene i Møre og Romsdal. Den ligg under fana som heiter Rutetabellar for ferjer på Sunnmøre.

Rutetabellen som gjeld for april hadde høyringsfrist 22. mars. For rutetabellar for mai og vidare i byggeperioden for ferjekaiene, har FRAM sett høyringsfrist 4. april. FRAM vil kome tilbake med informasjon om korleis rutetabellane blir for mai og vidare, så snart innspela frå høyringa er gjennomgått.