Nyttårstipset: Sjekk rutetidene, så du ikkje kjem for seint
Nytt år betyr nye rutetider. Sjekk dei som gjeld for deg for å unngå leie overraskingar.
Publisert 30.12.2025 14.08
Sist endra 30.12.2025 14.23
Nytt år betyr ofte nye rutetider. Nokre avgangar går litt tidlegare eller litt seinare enn før, og då er det fort gjort å møte opp til «gamal tid». Ein kjapp sjekk i reiseplanleggaren kan spare deg for både stress og bomtur.
FRAM Ekspress går fem minutt tidlegare frå Molde til Kristiansund
FRAM Ekspress går fem minutt tidlegare enn før frå Molde til Kristiansund i 2026.
Terje Aamodt
Eit eksempel som gjeld for mange er langdistanseruta FRAM Ekspress som går gjennom heile fylket. Frå og med 1. januar skal denne køyre fem minuttar før frå Molde til Kristiansund.
Tre tips før du reiser
- Søk opp avgangen på nytt. Dette gjeld både om du reiser sjeldan, eller har faste vanar.
- Sjekk rutetida for den dagen du reiser. Rutetider kan variere mellom kvardag, helg og feriar.
- Ver ute i god tid, spesielt ved knutepunkt og ved byte.
For oppdatert ruteinformasjon, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.