Nytt billettsystem for buss og hurtigbåt i Ålesund

Frå måndag 4. november tek FRAM gradvis i bruk eit nytt billettsystem. Ver merksam på at det tek litt lengre tid første gang du skannar reisekort.  

Bussane i Ålesund tek systemet gradvis i bruk frå 4. november, medan hurtigbåtane startar opp frå 11. november.  Toril Karlsnes, seksjonsleiar i FRAM marknad, fortel at systemet er innført i resten av fylket.  - 

- Nytt system er i gang i resten av Møre og Romsdal, og det er godt prøvd ut og testa i buss, seier ho.  
- No er det Ålesund som står for tur.  

Dei reisande vil ikkje merke så stor forskjell med nytt billettsystem, men det er greit å vere klar over nokre punkt.  

Reisekort eller skoleskyss:

  • Første gang du les av kortet på billettlesar  må kortet klargjerast for vidare bruk. La kortet ligge mot billettlesaren til grønn klarmelding kjem. Dette kan ta opptil 10 sekund.
  • Deretter fungerer kortet som før.

FRAM-app:

  • Å lese av billetten kan ta eitt sekund lenger enn du er van med.  
  • QR- koden er lest når det står "Behandler". 

Kjøpe billett ombord i bussen:

  • Vi anbefaler å kjøpe billett i FRAM-appen. Dette gjer at trafikkavviklinga går raskare. For vaksne unngår ein også ombordtillegg på 20 kr.